I årboka for 2022, som kjem i november, kan du lesa om Tøena, ein husmannsplass under Høysæter, som låg så utsett til for ras, at det berre budde folk der i to generasjonar. Siri var ei ungjente som vaks opp i Tøena. Ho var fødd i 1857, og var lettbeint og uvanleg glad i å dansa. Det var ein reinlendar som ho likte ekstra godt, og sidan jenta vart kalla for Siril, kalla dei slåtten for Tøsirilslåtten. I dette videoklippet frå 2006 kan du høyra Tøsirilslåtten. Det er Peder Ådland som spelar, og i 2006 var han 91 år. Slåtten hadde han lært av far sin, og han seier at han aldri har høyrt nokon spela slåtten utanfor Samnanger. Vil du ha heile Høysætervideoen frå 2006, der også Nils Yndestad og Gunnvald Kolle spelar, kan du høyre med historielaget.
-
Arkiv
- Tøsirilslåtten
- Vil du se i gamle årbøker?
- Den perfekte julegåva? Årbok 2021 er nå i sal.
- Tillegg og rettingar til Årbok 2021
- Vi treng mailadressa til medlemane.
- Tilleggstoff til årbok 2020.
- Årboka 2020 er i sal frå 7. november.
- Samnangerslekter tilbake til Harald Hårfagre.
- Vårturen 10. mai 2020 går til Vossatraktane.
- Tilleggsstoff til Årbok 2019