Os-målinga frå Tveiterås – Foredrag til hausten.

Har du ei fin gamal kiste eller eit skåp? Eller kanskje noko heilt anna, som er Os-måla?

Vi treng utstillings-objekt. Kan du bidra?  – Kontakt Solvor Aadland eller Tor Wold. 

I fjor haust tok historielaget for seg felebyggartradisjonen frå Tveit. I år vil vi fokusera på Os-målinga, eller Tveitamålinga som vi godt kunne kalla henne.

I oktober planlegg vi ei utstilling av nokre av dei fine gjenstandane, som fins i Samnanger. Det vert og foredrag med prof. emeritus Nils Georg Brekke om Os-måling-tradisjonen.

Osamåla kiste. Under er eit døme på meir vanlegeting som også fekk litt pynt.

Nils Tveiterås vart fødd på Tveiterås i 1795. Far hans, og bestefar hans dreiv med rosemåling, og Nils tok opp arven etter dei. Han utvikla rosemålinga til den særskilde stilen som i dag vert kalla Os-måling. Bestefar til Nils var barnebarnet til Nils Stålby, den svenske krigsfangen, som kom til Tysse og vart gift med dottera til «Rike Per Tysse». Det har vore spekulert i om Tveitamålinga er inspirert frå svensk rosemåling.

Nils gifta seg til Os, og tok namnet Midthus, etter garden i Hegglandsdalen, der han og kona slo seg til. Her arbeidde han som bonde og rosemålar. Han tok også inn læregutar. Fyrst granneguten Ola Lien, som tok namnet Midtbø, og så sin eigen son, Annanias, som seinare kalla seg Tveit. Desse to, Ola Midtbø og Annanias Tveit utvikla stilen vidare, og gjennom deira lange aktive tid som rosemålarar nådde Os-målinga eit høgdepunkt.

Det er ein svært stor produksjon att etter dei to meistrane frå siste helvta av 1800-talet og fram til kring 1920. Det er mange som seinare har ført denne tradisjonen vidare etter Annanias Tveit og Ola Midtbø.

Osamålete tallerkar.