Torsdag 13/9 kl 19 på biblioteket: Felemakarane

Tveitafelene er ein av dei tinga som verkeleg set Samnanger på Norgeskartet. Torsdag 13. september held historielaget ope møte i biblioteket på Bjørkheim. Felemakar Sigvald Rørlien frå Ole Bull Akademiet, fortel om felebygging, og Torfinn Kolle fortel om Sævillakarane, som sto høgt i Norsk felemiljø. Kommunen og historielaget har spleisa på å kjøpa og setta i stand fela til ein annan felespelar, Knutin Kleppe, også frå bygda. Alfred Skar lagde feler opp mot vår tid. Roger Skar har tatt vare på utstyret hans. Har du ei gammal fele du gjerne vil veta meir om? Ta henne med. Inngangspengar kr. 50. Vel møtt!

Bildet viser felemakarutstyr brukt til Tveitafelene og Røyrbotnafelene