I årboka for 2022, som kjem i november, kan du lesa om Tøena, ein husmannsplass under Høysæter, som låg så utsett til for ras, at det berre budde folk der i to generasjonar.
Siri var ei ungjente som vaks opp i Tøena. Ho var fødd i 1857, og var lettbeint og uvanleg glad i å dansa. Det var ein reinlendar som ho likte ekstra godt, så dei kalla han for Tøsirislåtten.
I dette videoklippet frå 2006 kan du høyra Peder Ådland spela denne slåtten, som han hadde lært av far sin. Han seier at han aldri har høyrt nokon spela slåtten utanfor Samnanger. Opptaket er frå 2006, da var Peder 91 år. Vil du ha heile Høysætervideoen, der også Nils Yndestad og Gunnvald Kolle er med og spelar, kan du ta kontakt med historielaget.