for Samnanger historielag sitt fond for kulturhistoriske føremål i Samnanger.
1. Namnet på fondet er: Kulturhistorisk fond for Samnanger.
2. Midlar frå fondet og avkastning på fondet skal nyttast til investeringar og tiltak som er i samsvar med føremålet til Samnanger historielag.
3. Styret i Samnanger historielag fastset kvart år ved avslutninga av årsrekneskapen kor stor del av eit eventuelt overskot som skal tilførast fondet.
4. Det årsmøtevalde styret for fondet (fondsstyret) tildeler midlar / tilskot etter eige initiativ eller etter søknad. Fondsstyret kan fastsetja og kunngjera ein årleg frist for slike søknader.
5. Samnanger historielag kan sjølv stå som mottakar av midlar frå fondet.
6. Dersom Samnanger historielag vert lagt ned, går fondsmidlane saman med laget sine midlar elles over i Samnanger kommune si eiga, jfr. § 7 i ”Lover for Samnanger historielag”.
7. Desse statuttane vart mellombels gjort gjeldande av styret i Samnanger historielag den 27.04.05 og godkjende av årsmøtet den 28.02.06.