Lover

Vedtekne på skipingsmøtet 27. januar 2000

§ 1 Føremål
Laget har til føremål å fremja interessa for lokalhistorie og kulturvern. Laget skal arbeida for å ta vare på det som har historisk verdi for Samnanger.

§ 2 Verksemd
For å nå føremålet kan laget:
– samarbeida med andre lag, verksemder og kommunale organ.
– skipa til møte, kurs, ekskursjonar og driva med registrering og med innsamling av munnleg tradisjon og anna historisk materiale.
– gje ut årbok og andre historiske skrift. – arbeida for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i Samnanger.

§ 3 Organisering
Laget er knytt til Hordaland sogelag og Landslaget for lokalhistorie.
Laget vert leia av eit styre på 5 medlemer med 2 varamedlemer.

Årsmøtet vel:
a) Leiar for 1 år
b) Styremedlemer for 2 år, slik at 2 styremedlemer står på val kvart år
c) 2 varamedlemer for 1 år
d) 2 revisorar (eller 1 fagrevisor) for 1 år
e) Valnemnd på 3 medlemer for 1 år.

Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar, kasserar og skrivar.
Leiaren kallar inn til styremøte.
Varamedlemene skal ha tilsendt sakspapir og kan møta på alle styremøte.
Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades.
Styret kan peika ut nemnder til å ta seg av s3/4rskilde oppgåver.

§ 4 Medlemskap
Medlemer i laget er dei som betaler dei årlege medlemspengane.
Utmelding or laget skal vera skriftleg.
Dei som ikkje har betalt medlemspengar dei to siste åra, vert likevel strokne frå medlemslista.

§ 5 Rekneskap
Rekneskapen vert ført for kvart kalenderår og lagt fram for årsmøtet i revidert stand.

§ 6 Årsmøte
Årsmøte vert halde kvart år innan utgangen av februar. Det skal kunngjerast i lokalavisa med minst 14 dagars varsel.
Årsmøtet skal handsama:
a) Årsmelding
b) Revidert rekneskap
c) Val
d) Fastsetjing av medlemspengar
e) Innkomne framlegg
Saker som skal takast opp på årsmøtet, må vera komne til styret seinast ei veke før møtet. Alle medlemer som møter personleg, har røysterett.

Omframt årsmøte kan verta halde når styret vedtek det eller når minst 1/3 av medlemene krev det. Det gjeld same reglar for innkalling og utlysing som for vanleg årsmøte. Omframt årsmøte kan berre handsama dei sakene som er gjort kjende i innkallinga.

§ 7 Lovendring og nedlegging
Endring av lovene kan gjerast på årsmøtet med minst 2/3 fleirtal. Laget kan verta lagt ned når to etterfølgjande årsmøte vedtek det med minst 2/3 fleirtal. Laget sitt arkiv, aktiva og midlar går då over til Samnanger kommune.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *